Vedlikehald

Stell og oppbevaring av smykke og bunadsylv.

Sylv har den eigenskapen at det oksiderer i luft, og blir misfarga. Smykke/bunadsylv frå oss blirlevert i ein lufttett lynlåspose. Oppbevar sylvet i denne posen når du ikkje brukar det. Det vil då halde seg blankt og fint over lang tid.

Har sylvet blitt stygt pga støv, matrester ellerliknande, kan du rense dette i Zalo-vatn:

Bruk så varmt vatn som det kjem ut av springen og ha det i ein glas- eller plastbolle. Tilset litt Zalo, litt sitronsaft og ha sylvet i denne oppløysinga i om lag 10 min. Børst sylvet med ein mjuk tannbørste slik at det skummar godt. Skyll i varmt vatn, tørk av mesteparten av vatnet med eit mjukt handkle, og avslutt med å tørke sylvet med ein hårfønar. Det er viktig at det ikkje er vassperler som tørkar på sylvet, då blir det grå flekkar som kan vere vanskeleg å få bort.

 

Sylvsmykke/bunadsylv som er veldig sterkt anløpt/misfarga, må det kjemikaliar til for å få reint. Du kan kjøpe sylvrens og bruke dette på alt sylv, også forgylt (ikkje oksidert). Det kan vere bra å bruke ein pusseklut etter rens.

Krystallar tolar også rask rens, men prosedyre om skylling/bruk av hårfønar er viktig å fye, sjå avsnitt over.

 

NB: Ulempa med sylvrens er at det inneheld sovelsyre. Det kan fort bli eit problem med knappar til bunad, då dei er hole inni. Er det restar av sylvrens inni knappen kan det øydeleggje stoffet på bunaden/bunadskjorta. Dersom sylvet er sterkt misfarga kan det vere lurt å bruke fagpersonar til å rense dette.

Kontakt oss gjerne på support@hasla.no om du har spursmål!